Tenester

Sparring

Me møter gjerne deg som vil drøfta ein idé, eit prosjekt eller ei konkret utfordring. Me tilbyr gratis sparring og møteplassar for bedrifter i ulike fasar.

Samtalen kan handla om etablering, vidare utvikling, organisering, samarbeid eller vegval vidare, og den kan foregå på telefon eller på kontoret vårt på Dale.

Hjå oss får du ein sparringspartnar som kjenner både næringslivet, kommunen og moglegheitene som finst – lokalt og regionalt.

Nettverk

Me legg til rette for møte mellom bedrifter, aktørar og fagmiljø.

Gjennom arrangement som den årlege Vinterkonferansen skapar me rom for erfaringsdeling og nye relasjonar.

Søknadsskriving

Me kan fortelja om kva moglegheiter som finst, og korleis ein går fram for å søka. Me hjelpar deg gjerne med sjølve søknadsprosessen. Det finst nemleg fleire fine støtteordningar for utvikling og vekst!

Om du vil, hjelper me deg å finna rett ordning for ditt prosjekt.

Hjelp til å finna næringslokale

Me har ei viss oversikt over ledige lokale i kommunen og kan hjelpa deg å finna ei løysing som passar behovet til verksemda di.

Har du lokale som kan leigast ut, eller kjenner til ledige areal? Ta gjerne kontakt – då bidreg du til å gjera det enklare for nye og eksisterande bedrifter å etablera seg i Vaksdal.

Etablerarkurs

I samarbeid med Etablerersenteret i Bergen tilbyr me kurs for dei som er i oppstartfasen av bedrifta si.

Er du usikker på kva du treng?

Ta kontakt, så finn me ut av det saman!