Frå politikk og næringsliv til idrett, gründerskap, musikk og humor. Vinterkonferansen 2027 byr på eit spennande og variert program når konferansen markerer sitt 20-årsjubileum!
No kan vi endeleg presentere alle namna som skal stå på scena under Vinterkonferansen 2027. Med ei spennande blanding av kjende profilar, lokale talent og inspirerande historier ligg alt til rette for ein jubileumskonferanse utanom det vanlege.
Her blir det både alvor og latter, nye perspektiv og inspirasjon til å tenkje stort. Vi gler oss til å samle næringslivet og andre engasjerte deltakarar til ein ny Vinterkonferanse på Vaksdal!
Møt dei som kjem:
Anne Lindmo
Anne Lindmo har gjennom ei årrekkje vore ei av Noregs mest profilerte programleiarar, og er særleg kjend frå det populære talkshowet «Lindmo» på NRK. Med sin lune humor, nysgjerrigheit og evne til å få folk til å opne seg, har ho møtt nokre av dei mest interessante menneska i landet. No tek ho turen til Vaksdal og Vinterkonferansen 2027! Vi gler oss til å oppleve Anne Lindmo på scena, der ho garantert vil bidra med både gode historier, humor og engasjement.
Erna Solberg
Tidlegare statsminister og mangeårig Høgre-leiar Erna Solberg kjem til Vinterkonferansen 2027. Med lang erfaring frå norsk politikk og samfunnsliv har ho vore tett på mange av dei store spørsmåla som påverkar både næringslivet og lokalsamfunna våre. På Vinterkonferansen skal Erna dele sine perspektiv på korleis norske bedrifter og lokalsamfunn som vårt eige kan lukkast i åra framover.
Magnus Rørbakken
Magnus Rørbakken som bur på Stanghelle har allereie skrive seg inn i historiebøkene som den yngste nordmannen til å nå toppen av Mount Everest. Med ei imponerande evne til å utfordre eigne grenser og halde hovudet kaldt under ekstreme forhold, har han erfaringar dei færraste av oss kan førestille seg. På Vinterkonferansen skal Magnus dele historia si og fortelje om kva som skal til for å nå hårete mål, takle motgang og halde fokus når utfordringane står i kø. Ei inspirerande historie om pågangsmot, meistring og viljen til å nå heilt til topps!
“Potekongen” Kaj Myklatun
«Potekongen» Kaj Myklatun kjem til Vaksdal for å fortelje historia bak Pota Madre. Korleis byggjer ein opp ein gründarsuksess på rekordtid, og kva skal til for å lukkast? Med store mengder energi, pågangsmot og ekte kremmarånd har Kaj skapt noko som verkeleg har fått merksemd. Vi gler oss til å høyre om gründerreisa, utfordringane undervegs og kva som driv han vidare.
Dag Eilev Fagermo
Ein av landets mest kjende fotballtrenarar tek turen til Vaksdal. Dag Eilev Fagermo er kjend for sin direkte og tydelege leiarstil og har lang erfaring med å byggje lag og prestasjonskultur.På Vinterkonferansen skal han dele tankar om leiarskap, lagprestasjonar og kultur og korleis erfaringar frå toppidretten kan overførast til næringslivet.
Anne Fagermo
Anne Fagermo er kjend for sin energiske countryrock og var deltakar i The Voice i 2023. Ho har gitt ut både album og fleire singlar, og har markert seg med sin eigen musikalske stil. På Vinterkonferansen 2027 får vi oppleve henne på scena, der ho skal bidra med musikalske innslag og god stemning.
Eirik Straume Normann og Trine Duesund Straume
Etter å ha gjort stor suksess under Vinterkonferansen 2026, er vi glade for å ønskje Eirik Straume Normann og Trine Duesund Straume velkomne tilbake! Dei to byr på lokale historier, humor og song, formidla på ein måte berre dei kan. Vi ser fram til eit nytt møte med denne duoen!
Bli med på jubileumskonferansen! I 2027 markerer Vinterkonferansen 20 år, og med årets program ligg alt til rette for ei flott jubileumsmarkering. Vi håpar å sjå både kjende og nye ansikt når vi igjen samlar folk til ein dag med fagleg påfyll, inspirasjon og gode møte.
Etter konferansen blir det konsert med Staut og Berit Håpoldøy i Vaksdal samfunnssal. Denne konserten er inkludert i billetten til konferansen.
Vinterkonferansen blir arrangert av Vaksdal Næringsselskap i samarbeid med Vaksdal Underhaldningslag.