Vetlo-lansering

Vetlo med nyopna nettbutikk!
1. oktober opna Vetlo sin nettbutikk, etter to år med idè- og produktutvikling. Med sterke samarbeidspartnarar som Innovasjon Noreg, Kompetansesenteret for robotteknologi, VIS og Industriutvikling Vest, har Stanghelle-bedrifta lagt eit godt grunnlag inn mot lansering av leikematter, med trygge material og design som kombinerer leik med estetikk.

Ingvild og Linn, som driv Vetlo, tok tidleg kontakt med Vaksdal Næringsselskap, som igjen kopla dei på Etablerersenteret i Bergen. Her gjekk ferda vidare mot GründerAcademy, via mange ulike nettverk, før dei no endeleg var klare for lansering. Me gler oss til å følgje dei vidare.

Les meir om vetlo her

Forrige
Forrige

Vinterkonferansen 2027

Neste
Neste

Læring i Næring