Viktig med lokale interesseorganisasjonar

Daledagane 2015

Daledagane 2015

Næringslivet i Vaksdal og handelsstaden på Dale har demokratiske plattformer som representerar dei overfor omverda.
Skal lokalsamfunna få mest mogleg igjen for den utviklinga som vil koma med den gåva me er i ferd med å få, med ny veg og bane, må ein ha plattformene for dialog og samhandling. Vaksdal Næringsråd og Dale Sentrumsforening har hatt dette oppe som tema på deira årsmøter no i april.
På årsmøte i Vaksdal Næringsråd torsdag 7. april, med 25 medlemsbedrifter, møtte om lag 15 personar på Bergsdalstunet. Der fekk dei høyra frå dagleg leiar i Vaksdal Næringsselskap as om status for K5 Arna-Voss. Dagleg leiar for entreprenør Spilde as, Olav Lægreid, snakka om si røynsle med større byggeprosjekt, og kor viktig det er å vera proaktiv opp mot kontraktørane. Å nytta steinmassane som vil koma til å laga grunnforhold, vart også utgreidd grundig. Styret består av desse: Nils Magne Helle, Rune Sæterdal, Rolf Hagebø, Stian Jordalen, Anne Grethe Børven og Kjell Erik Nordahl.
Dale er kultur-, handel-, og kommunesentrum i Vaksdal kommune. Dale Sentrumsforening har vore uvirksom sidan 2008, men har no ny frisk med nytt styre. Arve Rødland vart i konstituerande styremøte vald ut som styreleiar, med seg har han: Eva Britt Blålid, Kenneth Hansen, Else Marie Mugaas og Bodhild Laastad.
Dale har hatt ein positiv utvikling dei siste åra, spesielt med eigedomsselskapet KERO sine kjøp og oppussingar av bygningar. Ei utvikling som vil vere viktig å halde fram. Dale har urbane kvalitetar i form av kommunale tenestetilbod, gater og offentlege rom som vil bli etterspurt i framtida. Samstundes skal eksisterande bedrifter ha eitt godt grunnlag, og då må attraktiviteten til Dale haldast oppe, og utviklast. Dette kan vera heilt enkle praktiske ting som å plukke bos, møblar i gata og lys til julegata.
Vaksdal Næringsråd og Dale Sentrumsforening vil vera avgjerande organisasjonar for å få fram gode tankar og idear om korleis ein kan utvikla lokalsamfunna ved ein ny veg og bane.
Kontaktperson for Vaksdal Næringsråd: Rune Sæterdal t: 9286400
Kontaktperson for Dale Sentrumsforening: Arve Rødland 97606564