Sikker veg og bane no!

Foto: Jan Hansen

Foto: Jan Hansen

På nytt har det gått ras over Bergensbanen/E16 og hovudpulsåra for Vaksdal kommune er stengd. Dette betyr at bedrifter i Vaksdal kommune ikkje får levert varer/tenester, eller ansatte kan foreta arbeidsreiser. På NRK Hordaland seier dei at vegen tidlegast kan opna i morgon, laurdag 23. mai.

Konsekvensar ved stengd veg og bane er parameter som Oslo Economics ikkje tok med i betraktning, når dei sat i Oslo og rekna på kor lite det løna seg å bygge KVU Arna-Voss. Kor store tap lokale bedrifter har når vegen er stengd. Kva er dei økonomiske konsekvensane av manglande vilje til nyinvesteringar og nyetableringar grunna lite påliteleg veg og bane?

Det er fortvilande å drive næringsutvikling under slike forhold. Ein ting er at det er «bad for business». Verre er det at det er dårleg HMS, ikkje berre for tilsette, men for heile lokalsamfunnet.

Politikarar, ikkje høyr på Oslo-økonomane. Vaksdal Næringsselskap krev sikker veg og bane NO!