Suksess for Vaksdal!

Kommunesenteret

Kommunesenteret

Det er ikkje ofte at potensialet for næring- og folketalsutvikling i Vaksdal kommune vert dratt fram på leiarplass i Bergens Tidende, som det gjorde i går (21.03) med tittel «Framtid i aust». Dette var i høve kommunesamanslåing, men det er klart at konseptval 5, Nasjonal Transportplan og moglegstudie for stasjonssentra gjev grunnlag for ein særs positiv utvikling for kommunen. Asplan Viak har til og med sagt at me skal bli 31 500 fleire i Bergensbaneregionen (Voss og Vaksdal) og få 7875 fleire arbeidsplassar. Og det som skiljer oss frå andre områder kring Bergen, er at arbeidsplassane og bustadene vert kollektivt tilgjengeleg med tog, og er difor berekraftig.

Det å sjå areal og transport i samanheng har ikkje vore sjølvsagt tidlegare. Åsane blir dratt fram som det grellaste eksempel på kva som skjer, når den bilbaserte utviklinga i kombinasjon med private utbyggingsselskap, får gjere kva dei vil. Akershus/Oslo fylkeskommune har nyleg vedteke ein areal og transportplan som seier at dei skal ha prioriterte vekstområder der 80-90% av utviklinga skal koma, og det som fleirkjeda byutvikling kring jernbanestasjonane. Det er fyrst i 2017 Hordaland fylkesting vedtek sin areal- og transportplan, men alt tilseier at berekraftig areal- og transportutvikling vert ein vinnar.

Føresetnadene er dei beste, men me er avhengig av politiske vedtak i stortinget óg for Nasjonal Transportplan. I mellomtida må me halda trykket oppe!