Stian takka av i Vaksdal Næringsselskap AS

Stian Jordalen har vore i styret sidan 2004, og gjekk ut i juni. Geir Hanevik overtok som styreleiar etter Stian

Stian Jordalen har vore i styret sidan 2004, og gjekk ut i juni. Geir Hanevik overtok som styreleiar etter Stian

På Elvahuset fredag 28. september vart Stian Jordalen takka av etter lang og god innsats for næringsutvikling i Vaksdal kommune gjennom styreverv i Vaksdal Næringsselskap AS. Stian har vore med i styret sidan 2004 og gjekk av
på generalforsamling i Vaksdal Næringsselskap AS 18. juni i år. Roger Arnesen, dagleg leiar i Arnpro erstatta Stian i styret. Andre styremedlemer er Jan Hansen, Grete Langeland, Bjørn Roald, Magne Hestad, Geir Hanevik, Brita Hesjedal Lunde.

På arrangementet på Elvahuset hadde Stian blitt utfordra til å trekka tråd frå då han kom inn i styret, og såg òg litt inn i glasskula om framtida. Konklusjonen for kva som skal til for å lukkast med utvikling og næringsetablering? Det omhandlar folk!