NÆRINGSKONFERANSEN 2014

annonsekonferansenRETTMe skipar til næringskonferanse torsdag 30.oktober 2014 i Turbinen, frå 10:00-17:00.  All informasjon om konferansen vert lagt ut (fortløpande) her på denne sida.

Næringskonferansen vert ein møtestad for bedrifter i Vaksdal Kommune, både små og større. Målet med konferansen er å leggje til rette for samarbeid og vekst. Les kva Vaksdalposten skriv om konferansen her.

Målet er at flest mogleg bedrifter i kommunen kjem og profilerer seg på «stands» i Turbinen, me legg til rette for eit «utstilling/messeområde» og voner dette vert fullteikna! Me treng PÅMELDING frå deltakarar som vil stå på «stands» – lenka til påmeldinga for bedrifter finn du HER.

I løpet av dagen vert det høve til å høyre fleire spanande føredragshaldarar, mellom andre Ingebrigt Steen-Jensen. Me legg ut fullt program her når det er klart.

Her finn du den offisielle plakaten, som snart kjem ut på ein plass nær deg!

Har me gløymt informasjon som du treng?

Vil du vite meir? Har du andre spørsmål???

Ring Kristin på 95987690 eller send mail på vns@vaksdalnet.no

One thought on “NÆRINGSKONFERANSEN 2014

  1. Pingback: Dei første påmeldingane til Næringskonferansen er komen! | Vaksdal Næringsselskap AS

Legg igjen en kommentar