Folkemøte torsdag 11. juni: trygg veg og bane no!

K5 er løysinga alle er samde om, men som ikkje er konkludert.

K5 er løysinga alle er samde om, men som ikkje er konkludert.

Torsdag 11. juni kl 19:00 i auditoriet på Dale barne- og ungdomsskule er det ope folkemøte om ny veg og bane.

E16 og Vossebanen/Bergensbanen har vore aktuell den siste tida, men det har dei vore tidlegare også, for seinare å bli gløymd.
Lokalpolitikarane våre, i sær ordførarane for Vaksdal og Voss, gjer ein god innsats. Det er også andre som kan bidra med å bygge opp press mot dei som til slutt tek avgjerda om vidare skjebne for veg og bane, nemleg regjering og Storting. På Voss har næringsliv, saman med offentlege verksemder og enkeltpersonar, tatt initiativet til Vossaløysinga. Vossaløysinga har slagordet «banar veg for utvikling i heile regionen». Namnet spelar på vår region som svar på Bergensområdet sine utfordringar innan areal- og transport.

Vaksdal næringsselskap og Vossaløysinga samarbeider. Torsdag skal me fortelje om det vidare arbeidet, og korleis alle kan bidra til å halde oppe trykket på ny veg og bane etter konsept 5.

Alle er velkomne!