Sommarens kulaste fotokonkurranse!!

Vaksdal Næringsselskap innbyr til sommarens kjekkaste fotokonkurranse: Send inn artige, morosame, rare, kule, vittige og flotte bilete frå Vaksdal Kommune til #bynærtbygdeliv på Instagram!!! Me er på jakt etter gode foto som «framsnakkar» kommunen på ein god måte! Du kan ta bilete av/med folk, dyr, natur, situasjonar, stader, hendingar – kort sagt: du står heilt fritt!

Vinnaren vert kåra 20.august, og får ein flott PC/Mac-veske frå Dale of Norway – den er berre lekker!!!

Du kan sjølvsagt følgje med på Instagram gjennom heile sommaren, og sjå på dei flotte bileta som kjem inn.

VNS ønskjer å takke Hanne Dyvik for dette kreative og positive forslaget.

BLI MED DU OG!!!

PC/Mac-cover frå Dale of Norway