Nytt gründerkurs i oktober!

Haustens første gründerkurs var særs vellukka – og her kjem informasjon om neste kurs!

nettbutikk

Tirsdag 21.oktober skipar me til kurs med fokus på korleis du kan byggje opp ein nettbutikk, og korleis du kan skaffa deg kunder via internett. Internett er ein gigantisk marknadsplass – dersom du veit korleis du skal gå fram for å nå ut til kundar!

Kurshaldar er Anne Bente Hauge, ho har inntil nyleg vore eigar av nettbutikken Kreativ Hobby.

Ho jobbar no som tekstforfattar, og nyttar framleis nettet for å komme i kontakt med sine kunder, sjå nettstaden Kreativ Tekst.

Kursdag: Tirsdag 21.oktober

Tid: 15:30 – 19:00

Stad: Dale – me kjem att med nærare info om lokaler

Kurset er gratis, og du melder deg på HER.

Dei første påmeldingane til Næringskonferansen er komen!

Like etter at lenNæringskonferanseka for påmelding kom opp, «tikka» dei første påmeldingane inn 🙂  Men – her er det berre å «hiva seg rundt», me har plass til mange enno – og me ønskjer å presentere så mange bedrifter som mogleg! Meld deg på! Her er den offisielle plakaten, den kjem snart opp på ein plass nær deg!

Du kan lese meir om konferansen her – og der finn du og lenke til påmelding.

BLI MED OG VIS FRAM VERKSEMDA DI!

Første gründerkurset er fullteikna!

Onsdag 10.9 vert haustens første gründerkurs arrangert. Dette har tittelen «Frå hobby til jobb – kva skal til for å lukkast?» Me har fått god respons, og 15 – 16smil interesserte deltakarar kan glede seg til eit nyttig kurs, og god nettverksbygging!

Neste kurs, med ei litt anna vinkling, kjem i oktober. No vart du nysgjerrig, tenkjer eg?? Informasjon om dette kurset – og lenke for påmelding – kjem om kort tid. Følg med!

Velkommen til alle påmeldte i morgon – me held til i 2.høgda over Coop på Dale.

Næringskonferansen 2014

Næringskonferanse

 

 

 

 

Torsdag 30.oktober vert det Næringskonferanse i Turbinen på Dale. Bedrifter i Vaksdal og nærliggande kommuner er inviterte til å profilere seg. Konferansen vert ein møtestad med fokus på samarbeid, vekst og utvikling.

Les meir om denne hendinga her!

Veit du kva du vil, og korleis du skal gjere det?

Eigentleg er det heile oppskrifta på ein forretningsplan. Mange gründarar er så fokuserte på den gode idskjemaeen sin, at dei ikkje klarer å få fram korleis dei skal drive verksemda si.

DET er dumt, får då kan gründarane gå glipp av tilskot og eksterne investorar – berre fordi dei ikkje tek seg tid til å laga ein forretningsplan!

Her finn du tips til ein god forretningsplan – og HER finn du ein enkel mal som kan nyttast.

Verre er det ikkje! «Skjema-skrekk» kan kurerast!

 

 

Kvar kjem dei gode ideane frå??

ideNei, dei gode ideane veks ikkje på trær – dei dukker kanskje opp når du freistar løyse eit praktisk problem – eller når du berre sit og glor…? Kanskje har du allereie ein idè som er knallgod, – men så snakkar du deg «ned» og seier noko slikt som til dømes «detgårikkje/deterberretull/kvatruregateger» – kort sagt – den indre kritikaren din er nådelaus…???

Gjer noko med det!

Du kan lese meir om korleis du kan få gode idear HER.

Dessutan kan du bli med på «idèkurset» vårt onsdag 10.september – les meir HER.

Bli med på kurset, og knytt kontakt med positive og iderike folk som gjerne deler av sin erfaring!

Hold deg oppdatert – og LIK VNS på Facebook!

Dugnadseventyret

Bygdefolket på Stamnes tok saka i eigne hender då nærbutikken DSC_0026vart nedlagt. Dei oppretta aksjeselskap, selde andelar i lokalmiljøet, og pussa opp butikklokala på dugnad.

Vaksdal Næringsselskap AS har vore ein av støttespelarane, men det er bygdefolket sjølve som gjorde dette til eit dugnadseventyr!  Omsetnaden i butikken har vore over budsjett frå første månad.

Sjå foto frå den flotte butikken!

Her finn du og ein reportasje frå NRK.DSC_0011DSC_0017DSC_0023DSC_0021

 

 

Vinnaren er Brith Kydland!

Me fekk inn 215 flotte foto til fotokonkurransen på Instagram – takk til alle dei som deltok!

Brith Kydland deltok med fleire gode foto – og denne stemningVinnerbildeta frå  ein vakker sommarmorgon vann! Gratulerer til Brith!

 

Du kan sjå alle innsende foto her.

Gründerkurs onsdag 10.september – meld deg på!!!

Då er det slutt på den rolege sommar-perioden – og me gler oss til å presentere haustens første kurs!!

Onsdag 10.september kan du få tips, råd og inspirasjon til å satse på å utvikle hobbyen din til noko du kan leve ainspirasjonv. Me får besøk av Marit Næss Jørgensen, som for nokre år sidan tok spranget – og satsa på lidenskapen sin! Ho driv i dag med hageplanlegging, og du kan lese meir om firmaet hennar her.

Dette kurset er for DEG – anten du veit at du vil starta eigen verksemd, eller som har lyst men ikkje trur at du vågar, eller som berre er nysgjerrig, – eller som har lyst til å læra noko nytt!!!!  Dette er eit såkalla lågterskel- tilbod – noko som betyr at alle interesserte kan delta!

Me samlast på Dale (meir info når du melder deg på) onsdag 10.september kl. 15:00 – 20:00. Kurset er
gratis, og du får enkel servering – og ufatteleg mykje nyttig informasjon og inspirasjon.

Meld deg på HER:

Gründerkurs: Frå hobby til jobb – kva skal til for å lukkast?

BLI MED, dette vert eit nyttig nettverk!!!