2015 rasande fort fram!

frå venstre ordførar Eirik Haga, nestleiar i VNSAS Jan Hansen, ordørar Hans Erik Ringkjøb, statsminister Erna Solberg og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen

Frå venstre ordførar Eirik Haga, nestleiar i VNSAS Jan Hansen, ordørar Hans Erik Ringkjøb, statsminister Erna Solberg og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen

I kommunestyresalen Eirik Haga med statssekretær Bård Hoksrud og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen

I kommunestyresalen Eirik Haga med statssekretær Bård Hoksrud og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen

2015 var eit hendingsrikt år for Vaksdal Næringsselskap, spesielt for framtidig rammevilkår. Ikkje før ny dagleg leiar Vidar Skeie var tilsett, gjekk fyrste raset i Bogelia og sperra E16 og Vossabanen. Eitt drøyt år tidlegare hadde Statens Vegvesen og Jernbaneverket lagt fram ei konseptvalutgreiing med 6 alternativ, og tilråding om konsept 5.

Samfunn- og næringsliv i Vakdsdal er 100% avhengig av at E16/Vossebanen-Bergensbanen fungerer. Samtidig er dette ryggrada i norsk samferdsle, veg og jernbane mellom dei to største byar og landsdelar i Noreg. For regjeringa var det ingen vegar utanom, bokstavleg tala. 8. desember tok samferdsleminister valet om konsept 5. Ordførarar i Vaksdal og Voss kommune vart av Bergens Tidende kåra til årets politikarar på Vestlandet av Bergens Tidende for arbeidet med dette.

Attraktiviteten for busetnad og næringsutvikling til Vaksdal kommune endrar seg radikalt med oppdragsbrevet frå Samferdsledepartementet til Jernbaneverket og Statens Vegvesen med overskrifta «Vossebanen og E16 Arna-Voss – fremtidig strategi for utvikling». I fyrste omgang vil det handla om kva me vil få ut av sjølve bygginga, større optimisme kring folketal- og næringsutvikling og sjølvsagt som overskrifta i oppdragsbrevet «fremtidig strategi for utvikling».

Samstundes skal ein sjølvsagt ivareta gründerar og eksisterande samfunn- og næringsliv, noko VNSAS også har gjort i 2015. Kort oppsummert kan 2015 seiast å vera året der det gjekk rasande fort fram!