Viktig med lokale interesseorganisasjonar

Daledagane 2015

Daledagane 2015

Næringslivet i Vaksdal og handelsstaden på Dale har demokratiske plattformer som representerar dei overfor omverda.
Skal lokalsamfunna få mest mogleg igjen for den utviklinga som vil koma med den gåva me er i ferd med å få, med ny veg og bane, må ein ha plattformene for dialog og samhandling. Vaksdal Næringsråd og Dale Sentrumsforening har hatt dette oppe som tema på deira årsmøter no i april.
På årsmøte i Vaksdal Næringsråd torsdag 7. april, med 25 medlemsbedrifter, møtte om lag 15 personar på Bergsdalstunet. Der fekk dei høyra frå dagleg leiar i Vaksdal Næringsselskap as om status for K5 Arna-Voss. Dagleg leiar for entreprenør Spilde as, Olav Lægreid, snakka om si røynsle med større byggeprosjekt, og kor viktig det er å vera proaktiv opp mot kontraktørane. Å nytta steinmassane som vil koma til å laga grunnforhold, vart også utgreidd grundig. Styret består av desse: Nils Magne Helle, Rune Sæterdal, Rolf Hagebø, Stian Jordalen, Anne Grethe Børven og Kjell Erik Nordahl.
Dale er kultur-, handel-, og kommunesentrum i Vaksdal kommune. Dale Sentrumsforening har vore uvirksom sidan 2008, men har no ny frisk med nytt styre. Arve Rødland vart i konstituerande styremøte vald ut som styreleiar, med seg har han: Eva Britt Blålid, Kenneth Hansen, Else Marie Mugaas og Bodhild Laastad.
Dale har hatt ein positiv utvikling dei siste åra, spesielt med eigedomsselskapet KERO sine kjøp og oppussingar av bygningar. Ei utvikling som vil vere viktig å halde fram. Dale har urbane kvalitetar i form av kommunale tenestetilbod, gater og offentlege rom som vil bli etterspurt i framtida. Samstundes skal eksisterande bedrifter ha eitt godt grunnlag, og då må attraktiviteten til Dale haldast oppe, og utviklast. Dette kan vera heilt enkle praktiske ting som å plukke bos, møblar i gata og lys til julegata.
Vaksdal Næringsråd og Dale Sentrumsforening vil vera avgjerande organisasjonar for å få fram gode tankar og idear om korleis ein kan utvikla lokalsamfunna ved ein ny veg og bane.
Kontaktperson for Vaksdal Næringsråd: Rune Sæterdal t: 9286400
Kontaktperson for Dale Sentrumsforening: Arve Rødland 97606564

Suksess for Vaksdal!

Kommunesenteret

Kommunesenteret

Det er ikkje ofte at potensialet for næring- og folketalsutvikling i Vaksdal kommune vert dratt fram på leiarplass i Bergens Tidende, som det gjorde i går (21.03) med tittel «Framtid i aust». Dette var i høve kommunesamanslåing, men det er klart at konseptval 5, Nasjonal Transportplan og moglegstudie for stasjonssentra gjev grunnlag for ein særs positiv utvikling for kommunen. Asplan Viak har til og med sagt at me skal bli 31 500 fleire i Bergensbaneregionen (Voss og Vaksdal) og få 7875 fleire arbeidsplassar. Og det som skiljer oss frå andre områder kring Bergen, er at arbeidsplassane og bustadene vert kollektivt tilgjengeleg med tog, og er difor berekraftig.

Det å sjå areal og transport i samanheng har ikkje vore sjølvsagt tidlegare. Åsane blir dratt fram som det grellaste eksempel på kva som skjer, når den bilbaserte utviklinga i kombinasjon med private utbyggingsselskap, får gjere kva dei vil. Akershus/Oslo fylkeskommune har nyleg vedteke ein areal og transportplan som seier at dei skal ha prioriterte vekstområder der 80-90% av utviklinga skal koma, og det som fleirkjeda byutvikling kring jernbanestasjonane. Det er fyrst i 2017 Hordaland fylkesting vedtek sin areal- og transportplan, men alt tilseier at berekraftig areal- og transportutvikling vert ein vinnar.

Føresetnadene er dei beste, men me er avhengig av politiske vedtak i stortinget óg for Nasjonal Transportplan. I mellomtida må me halda trykket oppe!

2015 rasande fort fram!

frå venstre ordførar Eirik Haga, nestleiar i VNSAS Jan Hansen, ordørar Hans Erik Ringkjøb, statsminister Erna Solberg og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen

Frå venstre ordførar Eirik Haga, nestleiar i VNSAS Jan Hansen, ordørar Hans Erik Ringkjøb, statsminister Erna Solberg og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen

I kommunestyresalen Eirik Haga med statssekretær Bård Hoksrud og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen

I kommunestyresalen Eirik Haga med statssekretær Bård Hoksrud og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen

2015 var eit hendingsrikt år for Vaksdal Næringsselskap, spesielt for framtidig rammevilkår. Ikkje før ny dagleg leiar Vidar Skeie var tilsett, gjekk fyrste raset i Bogelia og sperra E16 og Vossabanen. Eitt drøyt år tidlegare hadde Statens Vegvesen og Jernbaneverket lagt fram ei konseptvalutgreiing med 6 alternativ, og tilråding om konsept 5.

Samfunn- og næringsliv i Vakdsdal er 100% avhengig av at E16/Vossebanen-Bergensbanen fungerer. Samtidig er dette ryggrada i norsk samferdsle, veg og jernbane mellom dei to største byar og landsdelar i Noreg. For regjeringa var det ingen vegar utanom, bokstavleg tala. 8. desember tok samferdsleminister valet om konsept 5. Ordførarar i Vaksdal og Voss kommune vart av Bergens Tidende kåra til årets politikarar på Vestlandet av Bergens Tidende for arbeidet med dette.

Attraktiviteten for busetnad og næringsutvikling til Vaksdal kommune endrar seg radikalt med oppdragsbrevet frå Samferdsledepartementet til Jernbaneverket og Statens Vegvesen med overskrifta «Vossebanen og E16 Arna-Voss – fremtidig strategi for utvikling». I fyrste omgang vil det handla om kva me vil få ut av sjølve bygginga, større optimisme kring folketal- og næringsutvikling og sjølvsagt som overskrifta i oppdragsbrevet «fremtidig strategi for utvikling».

Samstundes skal ein sjølvsagt ivareta gründerar og eksisterande samfunn- og næringsliv, noko VNSAS også har gjort i 2015. Kort oppsummert kan 2015 seiast å vera året der det gjekk rasande fort fram!

Etablere eige føretak? 1-2-3 etablering

Onsdag 16. september kl 17:30 Petersens Handleri: 1-2-3 etablering-kurset er eitt lågterskel tilbod til deg som vil starte eige selskap, men også for deg som vil friske opp problemstillingar knytt til ditt selskap.

No kan det meste bli gjort på internett, og papirmølla er heldigvis ikkje så stor.

No kan det meste bli gjort på internett, og papirmølla er heldigvis ikkje så stor.

Her vil du få ei innføring i kva som vert krevd av deg for å starte eitt føretak. Selskapsform, personlege rettar og risiko. Har du tenkt på namn på føretaket? Skatt? Økonomi?

Stian Jordalen, styreleiar i Vaksdal Næringsselskap vil fortelja litt om kva han har gjort.

Påmelding, send e-post til: vns@vaksdalnet.no T: 5659 7100

Folkemøte torsdag 11. juni: trygg veg og bane no!

K5 er løysinga alle er samde om, men som ikkje er konkludert.

K5 er løysinga alle er samde om, men som ikkje er konkludert.

Torsdag 11. juni kl 19:00 i auditoriet på Dale barne- og ungdomsskule er det ope folkemøte om ny veg og bane.

E16 og Vossebanen/Bergensbanen har vore aktuell den siste tida, men det har dei vore tidlegare også, for seinare å bli gløymd.
Lokalpolitikarane våre, i sær ordførarane for Vaksdal og Voss, gjer ein god innsats. Det er også andre som kan bidra med å bygge opp press mot dei som til slutt tek avgjerda om vidare skjebne for veg og bane, nemleg regjering og Storting. På Voss har næringsliv, saman med offentlege verksemder og enkeltpersonar, tatt initiativet til Vossaløysinga. Vossaløysinga har slagordet «banar veg for utvikling i heile regionen». Namnet spelar på vår region som svar på Bergensområdet sine utfordringar innan areal- og transport.

Vaksdal næringsselskap og Vossaløysinga samarbeider. Torsdag skal me fortelje om det vidare arbeidet, og korleis alle kan bidra til å halde oppe trykket på ny veg og bane etter konsept 5.

Alle er velkomne!

Sikker veg og bane no!

Foto: Jan Hansen

Foto: Jan Hansen

På nytt har det gått ras over Bergensbanen/E16 og hovudpulsåra for Vaksdal kommune er stengd. Dette betyr at bedrifter i Vaksdal kommune ikkje får levert varer/tenester, eller ansatte kan foreta arbeidsreiser. På NRK Hordaland seier dei at vegen tidlegast kan opna i morgon, laurdag 23. mai.

Konsekvensar ved stengd veg og bane er parameter som Oslo Economics ikkje tok med i betraktning, når dei sat i Oslo og rekna på kor lite det løna seg å bygge KVU Arna-Voss. Kor store tap lokale bedrifter har når vegen er stengd. Kva er dei økonomiske konsekvensane av manglande vilje til nyinvesteringar og nyetableringar grunna lite påliteleg veg og bane?

Det er fortvilande å drive næringsutvikling under slike forhold. Ein ting er at det er «bad for business». Verre er det at det er dårleg HMS, ikkje berre for tilsette, men for heile lokalsamfunnet.

Politikarar, ikkje høyr på Oslo-økonomane. Vaksdal Næringsselskap krev sikker veg og bane NO!

Gründerkurs under Daledagane

Bergsdalen

Torsdag 4. juni kl 17:30 vert det gründermøte på Petersens Handleri, Dalekvam. Frå Innovasjon Norge kjem Hanne Wetland og snakkar om merkjevarebygging, og kor avgjerande det kan vera. Presentasjonen hennar har tittelen «Merkjevarebygging frå A til Å». I ein omtale av presentasjonen hennar står det:

Merkevarebygging noe av det viktigste man gjør i enhver bedrift.  Når man forstår grunnprinsippene for sterke merkevarer blir det enklere å bygge en helhetlig og god opplevelse for kunden – fra A til Å.

I tillegg kjem gründerane av Bergsdalstunet, Helge Terje Fosse. Dei har vunne fleire prisar for deira arbeid. I fjor vann menyen deira kåringa til å vera middag i høve grunnlovsjubileet for Hordaland fylkeskommune, dei har vunne Fylkesmannen sin pris for Bygdeutvikling og ”Årets bedrift” av Vaksdal Næringsselskap.

Helge Terje Fosse skal fortelja om korleis Bergsdalstunet som bedrift vaks fram og tankar om vegen vidare.

Dagleg leiar for Vaksdal Næringsselskap, Vidar Skeie vil oppsummera

Nytt gründerkurs i oktober!

Haustens første gründerkurs var særs vellukka – og her kjem informasjon om neste kurs!

nettbutikk

Tirsdag 21.oktober skipar me til kurs med fokus på korleis du kan byggje opp ein nettbutikk, og korleis du kan skaffa deg kunder via internett. Internett er ein gigantisk marknadsplass – dersom du veit korleis du skal gå fram for å nå ut til kundar!

Kurshaldar er Anne Bente Hauge, ho har inntil nyleg vore eigar av nettbutikken Kreativ Hobby.

Ho jobbar no som tekstforfattar, og nyttar framleis nettet for å komme i kontakt med sine kunder, sjå nettstaden Kreativ Tekst.

Kursdag: Tirsdag 21.oktober

Tid: 15:30 – 19:00

Stad: Dale – me kjem att med nærare info om lokaler

Kurset er gratis, og du melder deg på HER.

Dei første påmeldingane til Næringskonferansen er komen!

Like etter at lenNæringskonferanseka for påmelding kom opp, «tikka» dei første påmeldingane inn 🙂  Men – her er det berre å «hiva seg rundt», me har plass til mange enno – og me ønskjer å presentere så mange bedrifter som mogleg! Meld deg på! Her er den offisielle plakaten, den kjem snart opp på ein plass nær deg!

Du kan lese meir om konferansen her – og der finn du og lenke til påmelding.

BLI MED OG VIS FRAM VERKSEMDA DI!

Første gründerkurset er fullteikna!

Onsdag 10.9 vert haustens første gründerkurs arrangert. Dette har tittelen «Frå hobby til jobb – kva skal til for å lukkast?» Me har fått god respons, og 15 – 16smil interesserte deltakarar kan glede seg til eit nyttig kurs, og god nettverksbygging!

Neste kurs, med ei litt anna vinkling, kjem i oktober. No vart du nysgjerrig, tenkjer eg?? Informasjon om dette kurset – og lenke for påmelding – kjem om kort tid. Følg med!

Velkommen til alle påmeldte i morgon – me held til i 2.høgda over Coop på Dale.